TYSDAGS- OG ONSDAGSTURAR

Frå april til september kan du vere med oss på tysdags- og onsdagsturar.
Frå april til september kan du vere med oss på tysdags- og onsdagsturar. Foto: Eivind Nordvik Hauge

Frå april til september inviterer vi til tysdags- og onsdagsturar. Turane er på ettermiddag og kveldstid. Vi har eit variert program med både lette og tyngre turar, både på øyane og fastlandet i Flora kommune. Er du usikker på om turen passar for deg kan du ringe ein av kontaktpersonane som står oppgitt på dei ulike turane. 

Oversikt over alle turane finn du på dette informasjonsarket. Kvar enkelt tur ligg også i turkalenderen her på nettsida. Her vil du finne meir utfyllande informasjon om kvar enkelt tur, samt informasjon om evt endringar i programmet. 

Velkomen på tur! 

Kommande turar