Våre hytter
Flora Turlag har 3 hytter - Gjegnabu, Blåbrebu og Kinn. Hytta på Grytadalsbu er nedlagt pr. 2019. Mens hytta på Kinn ligg på ei øy i havgapet ligg dei to andre i det flotte fjellområdet rundt Ålfotbreen. Desse to hyttene vert brukte både som sjølvstendige hytter, og som ein del av vest-aust ruta «Frå hav til bre». Denne ruta startar frå anten Årebrot eller Botnane i vest, og går via Blåbrebu og Gjegnabu til Hyen.
Sjå praktisk informasjon om korleis du bruker hyttene nederst på denne sida.
OBS: Informasjon om hyttebesøk i koronasituasjonen:
Vi følger nasjonale retningslinjer og Den Norske Turistforening (DNT) sine anbefalinger vedrørande hytteutleige. Vi har difor bestemt at alle hyttene våres er no opne for besøkande. Men den ekstraordinære situasjonen krev at du bookar på førehand og følger smittevernreglene. Kontaktinformasjon til hyttene:
- Skulehuset på Kinn:
Har du lyst på ei natt eller to på Kinn - ta kontakt med Signe Nordvik på telefon: 415 30 520 eller mail: signe.nordvik@gmail.com. På hytta er det no hengelås med kode som du får ved bestilling. DNT nøkkelen kan ikkje nyttast. - Blåbrebu:
Ta kontakt med Stig Solheim på tlf 990 951 14 eller mail: solheim.stig@online.no
- Gjegnabu:
Ta kontakt med Dag eller Astrid Eliassen på 977 38 273 / 415 49 299 eller mail: dag@dageliassen.no / astrid.eliassen@heimtun.org
Oppdatert informasjon og regler for hyttebesøk og aktiviteter finn du her.
Kontonummer for hyttebetaling: 3775.65.53268
Vipps nummer for hyttebetaling: 554905
Planlegg du gruppetur til ei av våre hytter? Gi oss beskjed, så legg vi ut informasjon på denne sida. Takk for hjelpa!

Hytta er nedlagt pr. 2019
Slik bruker du hyttene
- Flora Turlag følgjer DNT sine priser på hyttene.
- Alle hyttene er utstyrt med dyner og puter – ta med lakenpose.
- Det er kjøkkenutstyr og kokemoglegheiter på alle hyttene.
- Det er ikkje tillatt å ta med seg hund på hyttene.
- Forlat hytta i den stand du ønskjer å finne den.
Prisar og betaling
Du finn hytteprisar for 2020 på denne lenka.
Skriv deg inn i protokollen og overfør pengar til kontonummer 3775.65.53268 eller vipps: 554905 for overnatting og dagsbesøk. Merk betalinga med namnet på hytta, namnet ditt og/eller protokollnummer. Prisoversikt finn du også på hyttene. For dagsbesøk betaler du om du brukar gass, ved eller anna på hytta. Går du innom for å ete nistepakka di er det gratis.
Hugs - skriv deg alltid inn i protokollen!
Vêr og vind
Alle hyttene ligg i områder der vêr og vindforhold fort kan endre seg. Hugs vind- og vanntett yttertøy, varme kle og gode sko. Det er dårlig mobildekning på hyttene. Vi vil difor prøve å ha oppdatert informasjon på hyttene om kor du finn dekning i nærheita. På Blåbrebu er det ikkje mobildekning - heller ikkje på ruta ned til Grøndalen. På Gjegnabu er det ikkje mobildekning - på rute opp når du er kommen opp i ca 1 200 moh ligg ein stor stein med varde oppå - på venstre side av stien. I det området kan ein finne dekning
Nøkkel
Grytadalsbu - nedlagt 2019, Gjegnabu og Blåbrebu er ulåste hytter. Hytta på Kinn er låst med kodelås og kode får ein ved bestilling. Ein får informasjon på turistinformasjonen i Florø (Strandgata 30 - 1.etasje på Rådhuset).Har du planlagt tur til av av våre hytter med ei større gruppe?
Flora Turlag sine hytter er ein del av Den Norske Turistforening (DNT) sitt hyttetilbod. Alle kan bruke DNT sine hytter, og ingen blir avvist sjølv om hytta er full.
Alle hyttene til Flora Turlag er ubetjente. Det er ikkje mogleg å reservere plass på hytta.
Nokre gonger i løpet av året planlegg større grupper turar til hyttene (t.d. skuleklassar, lag/organisasjonar). Vi legg ut informasjon om dette på nettsida.