DNT SjekkUT - ny turapp

Grytadalen
Grytadalen Foto: Arnfrid Bergheim

Last ned DNTs nye turapp «SjekkUT» og registerer dine turar! Her finn du allereie over 40 turmål i Flora kommune. 

I fjor fikk Den Norske Turistforeningen (DNT) 1 million mennesker på tur. No tar organisasjonen nye, digitale grep for å gjere det endå morsommare å vere ute!


Den nye SjekkUT-appen er ein digital versjon av turboka.  SjekkUT-appen er gratis og kan lastast ned til din smarttelefon. Appen er tilgjengeleg i både Appstore og Google Play. 


Ein kan sjekke inn på både fjelltoppar, turpostar og hytter ein besøker. Konseptet er enkelt, og registreringa skjer digitalt i appen. Når ein befinner seg 50 meter frå turmålet, aktiverast moglegheita for å kunne sjekke inn. Ein vil også kunne legge igjen helsingar og bilete. 


Slik fungerer SjekkUT: 

  • Når du er 50 meter frå turmålet kan du sjekke inn på turposten med mobiltelefonen
  • Turpostar i nærheita vises alltid først i appen 
  • Moglegheit for å ta bilde i appen og dele på sosiale medier 
  • Moglegheit for å legge igjen helsing i digital gjestebok knytta til kvar turpost 
  • Kart som viser turpostar i nærheita
  • Appen inkludert kart og innsjekking fungerer også offline


Flora Turlag i SjekkUT

Alle turmåla som kan sjekkast inn på i SjekkUT-appen ligg i ulike lister. Flora Turlag har delt inn turmåla på samme måte som i turboka for kommunen. Til lansering av appen har vi lagt inn over 40 turmål, og fleire kjem framover! 


Bli med på Turtrimmen - bruk SjekkUT

Vi oppfordrar alle som vil vere med på Turtrimmen til å bruke SjekkUT-appen. Tidligare måtte ein levere inn registreringsskjema som ein blant anna finn på nettsida. Den nye appen gjer det no endå enklare og kjekkare å delta på turtrimmen! 

Turtrimmen  er eit samarbeid mellom Flora Turlag og Flora kommune og skal stimulere til turgåing og gode opplevingar i nærområda. Turtrimmen består av 15 turmål, der 4 av turmåla er lettare turar tilpassa barnefamiliar.

Premiering turtrimmen:

  • Born under 12 år er med i trekninga av premiar ved å ha teke 5 postar.
  • Vaksne er med i trekningen av gåvepremiar ved å ha teke 8 postar. 
  • Det vil òg bli eigen premiering av dei som har teke alle turpostane.
  • Alle som leverer skjema og har gått 5 (born) og 8 (vaksne) turar får eit turtrimkrus! 
  • Alle som bruker SjekkUT til registrering av turtrimmen er med i trekninga av ein premie! 

Skrevet av Sara Marie Ytreøy 25. april 2017