Vi lanserer Trimpoeng 2021

Frå Strandanipa som er eit av konkurransens turmål.
Frå Strandanipa som er eit av konkurransens turmål. Foto: Kamilla Nilsen Bjørnset

Vi lanserer Trimpoeng, som vi har kalla for "Flora Turlag Poengjakt 2021". Bli med oss på ein sprek, sunn og kjekk turkonkurranse i vår og sommar.

Vi inviterer dykk herved til ein sprek sommar i nærmiljøet!

Alle kan delta og det er gratis! Det einaste du treng er ein smarttelefon. For å delta må du laste ned appen Trimpoeng og registrere deg. Konkurransen heiter Flora Turlag Poengjakt 2021 og fokuset er å komme seg ut, enten på gåtur, sykkeltur eller topptur. Vi har valgt ut mange turmål i Flora Turlag sitt område. Turmålene er ikkje fysisk markert i terrenget, men ved hjelp av Trimpoengappen ser du måla.

Her kan du sjå konkurransen og turmåla. Vi vil gjerne presisere at ikkje alt er klart enda, og nokon endringar kan forekomme. Men last gjerne appen og gjer deg klar!
 

Korleis fungerer det?

For kver gang du sjekker inn på eit av turmåla samlar du poeng. Du kan gå til samme turmål fleire ganger, men det må gå minst 8 timar før du kan sjekke inn på nytt. Turmåla har forskjellig poengverdi. Du kan følgje med i appen på korleis du sjølv og andre ligger an. Trimpoeng konkurransen er open fra 1. Mai til 31. August. Merk at nokre turar åpnar først 1. juni og 1. juli. Treng du hjelp til å kome i gang, ikkje nøl med å ta kontakt med oss!


Premiering

Det skal lønne seg å samle trimpoeng og vi kan friste med flotte premier sponsa av lokale aktørar. Foreløpig er premiane ein overraskelse, men info kjem etterkvart. Det vert premiering for:

- Høgst total poengsum (1. 2. og 3. plass)
- Flest innsjekk (1. 2. og 3. plass)
- Flest unike innsjekk

Det vil være tilfeldig trekning kvar veke blant alle deltakarane som har gått minst ein tur den foregående uka.

Bravopremien trekkjast 31.08 blant alle DNT-medlemmar som har samla over 70 poeng: Helgetur for to til Hotell Alexandra med tur opp Via Ferrata trasèen til Hoven

Tusen takk til våre sponsorar for flotte premiar!


Før du legg ut på tur

Vi anbefaler alle å bruke nettsida UT.no godt ved planlegging. Her ligg detaljerte og gode turbeskrivelser. Fleire turar har forskjellige stiar og mogelegheiter. På vår nettside Flora Turlag kan du sjå meir info om for eksempel hyttene våre og booking. Benytt gjerne anledninga til å sjekke inn på SjekkUT appen.

Turene tar dykk på eige ansvar, og vi ber dykk være forsiktige, ta hensyn til turvettreglane og ta trygge veivalg. Vi ønskjer dykk alle ein god tur!


Spørsmål?

Har du spørsmål eller problem med registrering? Ta kontakt med Karen eller Sunniva.

Skrevet av Karen Nilsen 25. mars 2021