Fredagstips 12. februar

Frå Høydalsnipa på truger.
Frå Høydalsnipa på truger. Foto: Torbjørn Nilsen

Her er denne vekas FREDAGSTIPS 👇🏼​​​​​​​

❄ Frå Ramsdalsheia

Godt nytt er at det no er brøyta til parkeringsplassen til Ramsdalsheia. Det er eit fint utgangspunkt for heile familien til både ski og trugeturar. Vi kan anbefale Ramsdalsnipa, då går du opp bak Trollstova og over tunellen. Det gir deg mulighet til å ta turen vestover til Heia og du ser utover Langevatnet.
​​​​​​​

❄ Toppturar

Om du vil på topptur er det fine topper å velge i som Smylmedalsegga/Blånipa, Håsteinen eller Midtbønipa. Tar du ein av desse turane må du ha godt utstyr og kunne ta skredvurdering.

Sjekk på https://www.varsom.no/ for skredvarsel og informasjon. Bru gjerne truger til topptur då snøen kan være avblåst og steinar kjem fram.

❄ Turar i nærområdene

Ein må ikkje dra langt for å finne fine turmogelegheiter. Det er flott både på Nybømarka, Sørstrand og i Soldalen. I tillegg er isen fortsatt trygg på vatna. I Eikefjord er det kjørt spor i sentrumsområdet og det er flott på tur i Sørmarka.

Tips: Last ned Kul Tur appen, den er fin med mange barneaktivitetar og mattips 🤩

👉🏼https://ut.no/ finn du alle våre turar, værvarsling og skredvarsel

Skrevet av Karen Nilsen 12. februar 2021