Fredagstips 29. mai

Heia med utsikt austover til Eikefjord
Heia med utsikt austover til Eikefjord Foto: Arnfrid Bergheim

Her kjem vårt lokale eksperttips FREDAGSTIPSET ☀️

I dag har vi ei strålande helg i vente, og her kjem våre lokale eksperttips. Denne gongen er det i området Sagevik, 10 km frå Eikefjord.

🌲Sandviksfjellet/Egga
Fin topptur som du kan ta som rundtur. Denne turposten er ein del av Turtrimmen 2020.

🌲Sagevik - Høyvik rundtur
Ein litt lettare rundtur

🌲Sagevik - Jagedalen - Grønevik - Kvalsvik
Også ein flott rundtur med mykje spennande skogsterreng

De finn alle våre 160 turforslag på ut.no her: https://ut.no/gruppe/15130/flora-turlag

Ta gjerne med telt eller hengekøye og husk bandtvang og bålforbud når du ferdast.

Ha ei strålande fin helg!

Skrevet av Karen Nilsen 29. mai 2020