Fredagstips 01. mai

Gjelefjellet vest for Svanevatnet i Norddalsfjord
Gjelefjellet vest for Svanevatnet i Norddalsfjord Foto: Arnfrid Bergheim

Her kjem dagens FREDAGSTIPS ⚡️

Dette er lokale eksperttips som vi ønsker å dele med dykk. Desse turområda kan de fint ta med dykk inn i helga.

🌲Vi fortsetter i same området som i går og vil gjerne tipse om enda ein fin tur i Norddalsfjorden.
Gå inn til Svanevatnet og videre opp og ned til Storevatnet. Det er merka sti ned til Storevatnet. Frå Blålia følg stien som er teikna inn på kartet, det er den gamle stien inn til Fessene. Du kan finne nokre steinvardar innover og stien er lite synleg, men følg med på kartet. Gå inn så langt som SkjekkUT punktet ligg. Då kjem du inn i gammal, spennande fin skog. Det er kjekt å gå der blant mange rare treformasjonar. Det er finast no på våren før det gror til!

Ved Svanevatnet ligg bøya etter metorietten, eller kan det være ein satellitt del, eller ein UFO? Mulig det var ein gasseksplosjon som laga hol i vatnet mellom 17. februar og 4. mars 1979.

Husk å sjekke inn på SjekkUT punkt ved både Svanevatnet og Storevatnet. Ta gjerne med Hengekøye eller telt, der er mange fine plasser å overnatte.

Husk båndtvang for hund og bålforbud.

🌲Vi vil også tipse om padletur ut frå Bjørnset og rundt øyane, som for eksempel Grønenga.

Vi håper alle får ei fin turhelg og ein riktig så god 1. mai.

Skrevet av Karen Nilsen 1. mai 2020