Bli med på dugnad på Blåbrebu 24. juni

Blåbrebu er ei av dei fire turlagshyttene til Flora Turlag.
Blåbrebu er ei av dei fire turlagshyttene til Flora Turlag. Foto: Oddgeir Havn

I helga 24-26 mai var 5 medlemmar på Blåbrebu. Dei har forberedt dugnaden og transporten av materiell som vi skal ha på dugnad den 24 juni. Vi håper på god dugnadsånd, og ein god gjeng som har lyst å bidra denne dagen!

Dei nytta også anledninga til å rydde stien og merke løypa betre. Her gjenstår det fortsatt noko arbeid. Dei må opp ein tur til for å pakke noko returlast som skal ned igjen frå Blåbrebu.

Det vil også bli eni del dugnad på Gjegnabu framover, og det er planlagt å fly dit også den 24 juni.

Arbeidsoppgaver på Blåbrebu den 24. juni

  • Skifte kledning på vegg på Gamle Blåbrebu
  • Male kledningen til gamle Blåbrebu (22 kledningsbord 365cm lange) som vi skal fly opp. Desse males heime i forkant.
  • Skifte "Innedoen" på Blåbrebu.
  • «Slambe» pipa på taket på Blåbrebu.
  • Behandle taket på Blåbrebu med tjeralin.
  • Flytte over solcellepanelet og montere ett nytt.
  • Maling av begge hyttene.
  • Stabling av ved, rydding, vasking av hytta og merking av turstien
  • Anna førefallande arbeid

Vi treng all den hjelpa vi kan få! Vi set stor pris om det er nokon som kunne tenkje seg å være med den 24. juni. Ta i så høve kontakt med Stig Solheim på telefon 990 95 114.  

Elles takkar vi Børge Svardal, Håvard Svardal (6 år), Sigbjørn Stenseth, Per Endestad og Stig Solheim for arbeidet sålangt. 

Skrevet av Karen Nilsen 28. mai 2019