Hyttemøte 1.nov

Blåbrebu er ei av dei fire turlagshyttene til Flora Turlag.
Blåbrebu er ei av dei fire turlagshyttene til Flora Turlag. Foto: Oddgeir Havn

Flora Turlag inviterer til hyttemøte på Flora Samfunnshus 1.november.

I dag har ein 4 hytter i porteføljen til Flora Turlag: Grytadalsbu, Kinn, Blåbrebu og Gjegnabu. På hyttemøtet vert det ein gjennomgang av status for desse hyttene, samt informasjon om styret si vurdering av ev. investering i nye hytter. Styret ønskjer også innspel frå medlemmane om korleis vi kan få fleire dugnadshender på hyttene, og korleis vi kan få fleire besøkande på hyttene.

  • Møtestad: møtereommet "Ytterøyane"
  • Dato og tid: torsdag 1.november, kl 20-22

Møte er ope for alle. Vel møtt!

Skrevet av Sara Marie Ytreøy 23. oktober 2018