Julehelsing frå styreleiar

Flora Turlag vart i 2017 tildelt Mangfaldsprisen frå Flora kommune.
Flora Turlag vart i 2017 tildelt Mangfaldsprisen frå Flora kommune. Foto: Egil Aardal/R.Aardal Foto

Vi ser tilbake på nok eit flott turår, og ønskjer alle turvener ei riktig god jul og godt nytt år! 

Flora Turlag har snart lagt tilbake nok eit aktivt tur-år.

Over 100 turar er arrangerte og over 1.700 turglade har vore med oss på ein eller fleire av turane våre.


Nær 57.000 besøk vart registert på dei 15 turbøkene som vi administrerar, og turbok nr 1 vart og dette året Brandsøyåsen med 45.531 namnetrekk.


Turlaget legg vekt på å ta heile kommunen i bruk . Vi har eit tilbod til «alle» frå ung til gamal, frå den erfarne fjellvandraren til den uerfarne slik at mange får oppleve gleda i å bruke naturen.

Nytt av året var kveldsturar med kajakk, eit tilbod som vart svært godt motteke.


I 2017 mottok vi Flora Kommune sin mangfaldspris. Ei utmerking som viser at lokalsamfunnet og verdset det dugnadsarbeidet som våre frivillige utfører for å fremme eit aktivt friluftsliv.


Flora Turlag er 100% drifta av frivillige. Det er oppgåver som turledarar, merking av stiar, vedlikehald og reinhald av hytten til økonomi, administrasjon og publisering av våre arrangementet og aktivitet osv. Heile 4400 dugnadstimar er registert dette året så ei stor takk til alle dei frivillige som bidreg med si tid!


Vi har heile 933 medlemmar i Flora turlag som var ei auke på 22% frå 2016.

Frivillige har vi alltid bruk for, så ynskjer du å bruke noko av di tid på vårt arbeid i 2018, ta gjere kontakt!


Ei stor takk og til kjentmenn som er med oss på turar, grunneigarar samt til våre samarbeidspartnarar.


Flora Turlag ser fram til mange nye og flotte turopplevingar i jubileumsåret 2018. Då vil vi ved fleire arrangement markere at DNT er 150 år.   


Ynskjer dykk alle ei god jul og eit godt nytt tur-år!


Med vennleg helsing

Siv Merete Stadheim
styreledar Flora Turlag

Skrevet av Sara Marie Ytreøy 21. desember 2017