Padletur med overnatting

Fellestur

Fra dato
25. mai kl. 17:00
Til dato
27. mai
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Arrangører
Flora Turlag, Flora Hav og fjellsportgruppe
Turområde
Fjordane (se kart)

Padletur med overnatting på Færøya og Kinn

Turledere har røde turledervester

Bli med på ein fantastisk padletur i skjergarden. Padletur med kajakk og telt i havgapet utanfor Florø. Ingenting er som å padle ein velballansert og godt pakka kajakk på tur over fjorden med forventningar om ein herleg leirplass med bål og god mat når ein kjem fram. 

Turen går i enkelt farvatn frå Gunnhildvågen-sør til Færøya. Her overnatter vi i telt og prøver å få til felles middag hos Wenche på Færøykavlen sjøbu. Det er høve til å bestille hytte for denne overnattinga. Dag to vil vi padle langs sørside av Reksta ut til Kinn der Flora Turlag har ubetjent hytte i skulehuset. Det er høve til å stikke innom Hans-Jacob i Rognaldsvågen og handle proviant, eller kjøpe seg ein is. Hvis været er på vår side tar vi ein padletur rundt Kinn med stopp på Ytterøyane fyr før vi lagar felles måltid i hytta om kvelden. Siste dagen går turen inn Skorpefjorden på nordsida av Reksta med besøk i Trollhola hvis det blir tid. Vi er framme i Gunnhildvågen rundt klokka fire søndag ettermiddag.

Dette er ein tur for deg som har erfaring med kajakk frå før og gjerne vil prøve korleis det er å padle med fullasta kajakk på overnattingstur. Vi legg vekt på at det skal være ein sosial tur samstundes som vi eigentleg er på ein miniekspedisjon

Minimum kompetanse for denne turen er grunnkurs hav. Du må og føle deg trygg i kajakken sjølv om det er bølger. Det er naudsynt med tørrdrakt sidan det framleis er kaldt i sjøen på denne tida.

Pakkeliste:
Kajakk og utstyr
Tørrdrakt
Sikringsutstyr for kajakk (vest, åreline, pumpe, åreflottør)
Telt
Sovepose
Underlag
Varme kle
Mat
Kokeutstyr

 

Deltaking på alle turlagets turar skjer på eige ansvar

Pris gratis for medlemmer.  Ikkje medlemmer kr. 100 

Alle betaler for mat og overnatting

Kjetil Høidal 901 95 257 

Padletur med overnatting

Padletur med overnatting på Færøya og Kinn Turledere har røde turledervester Bli med på ein fantastisk padletur i skjergarden. Padletur med kajakk og telt i havgapet utanfor Florø. Ingenting er som å padle ...

Kontaktinformasjon:

  • Kjetil Høidal 901 95 257 
  • Tlf. 901 95 257