Svanøya

Fellestur

Dato
12. juni kl. 15:45
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Sykkeltur, Onsdagstur
Arrangør
Flora Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Tur til Svanøya, ei frodig og skogkledd øy i munningen av Førdefjorden.

Ny og spennande tur på Svanøya. Vi skal fyrst sykle i ca 30 minutt til Treet som ligg ytterst på Kvalstad, forbi Hjortesenteret.  Der set vi frå oss syklane og går til Kvalstadbrystet. Det tek ca 30. Der nyt vi utsikta og ete nista vår. Frå Kvalstadbrystet går vi ned i Sør-Kvammane via Kulehammaren der vi snur og går tilbake til syklane. Kanskje det vert tid til eit lite stopp på Hjortesenteret.

Butikken på Svanøya er open

Sykkelturen går så tilbake til kai og rutebåten som går ca 20 45.

Anders Espeset vert med som kjentmann på turen.

Ta med sykkel og hjelm eller ta kontakt med turleiar om du ynskjer å leige sykkel.

Rutebåt frå Fugleskjerskaia kl 16.00. Oppmøte kl. 15.45 

Pris for denne turen med sykkel er: Vaksne kr 230 og honnør/barn kr 130. Betal med Vipps eller kontantar til turleiar på kaia/båten.

Påmelding innan tirsdag kl. 22.00 til:Turleiar Signe Nordvik  415 30 520

Turleiar har raud turleiarvest på.

Deltaking på alle turlagets turar skjer på eige ansvar.

Velkommen på onsdagstur.

Svanøya

Tur til Svanøya, ei frodig og skogkledd øy i munningen av Førdefjorden. Ny og spennande tur på Svanøya. Vi skal fyrst sykle i ca 30 minutt til Treet som ligg ...

Kontaktinformasjon:

  • Signe Nordvik
  • Tlf. 415 30 520