Kom deg ut dagen - Støylsvandring i Eikefjord

Arrangement

Dato
1. september 2019 kl. 09:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Arrangement, Kom-Deg-Ut-Dagen, Helgeturar
Arrangør
Flora Turlag
Dette arrangementet er over!

Flora Turlag og Eikefjord Idrettslag invitera til Kom deg ut dag - DNT sin nasjonale turdag!

Ta med familie, vener eller kom aleine og bli med oss på støylsvandring i Eikefjord frå aust mot vest til: Knappstadstøylane, Ytrestøylen og Indrestøylen - Eikefjordstøylen - Hovlandsstølane - Kvalvikstølane. Fem støylar - 17 km

Klokka 9.30 startar vi vandringa frå parkeringsplassen/rasteplassen ved RV 5 i Eikefjord.

Dei som vil kan bli med på heile turen eller møte opp på støylane på tidspunkt som vi er der. Dette passer for folk flest. Ein kan gå langt eller berre komme opp til ein av støylane.

Husk å ta med mat og drikke for heile dagen. Gjerne litt ekstra klær i tursekken.

Ein kan gå i eige tempo eller bli med på fellesturen.
Stitraseane finn du på ut.no. Indrestøylen er turtrimpost i Turtrimmen 2019.

Eikefjord Idrettslag vil sette opp grill ved Eikefjordstøylen og Hovlandsstølane.
Grillane blir varme frå klokka 12.30.  Det blir sikkert også fortalt nokre gode «stubbar» frå stølslivet. Ta gjerne med grillmat.  

Kontaktinformasjon Eikefjord Idrettslag: Per Øyvind Sørbø  480 24 999
Kontaktinformasjon Flora Turlag: Astrid Breiland Eliassen  415 49 299 og
Arnfrid Bergheim  481 23 163

Tider vi kjem til støylane (ca):
10.30 Ytre Knappstadstøylen – 11.30 Indrestøylen – 13.00 Eikefjordstøylen, pause ca 30 min – 14.30 Hovlandsstølane, pause ca 30 min – 15.40 Kvalvikstølane –
17.00 parkeringsplassen/rasteplassen 

Det vert kjentfolk med på turen som vil fortelje litt om området vi går i og på nokre av støylane.  Kjentfolka kan fortelje historier som er knytt til namna som finst i område som for eksempel Perleporten, Betnene mm.  Det er mange skilt med lokale namn som kunne vore kjekt å få vite historia bak, kva dei kom frå/av.

Informasjonsskriv om KUD dagen:

Turleiar har raud turleiarvest.
 

På KDU-dagen 1. september, kan du melde deg inn i DNT og få resten av året + neste år på kjøpet. Tilbodet gjeld frå klokka 24.00 laurdag til 24.00 måndag.

Dette tilbodet gjeld kun innmelding på nett og betaling med kort (ikkje faktura!)

Her finn du info om medlemsfordelar:

Det er ingen tvil om at friluftsliv er populært, særlig blant familier. Det er forventa 54.000 deltakare på årets Kom deg ut-dag og det er deltakerrekord. DNT kan fortellje at det også har vert mange barnefamiliar på tur på hyttene deira i sommar.

Turlaget vil oppmode alle som er passasjer i privatbil på turane om å betale for transport: kr. 30 under 20 km og kr. 40 over 20 km, til sjåføren for drivstoff.

Deltaking på alle turlagets turar skjer på eige ansvar.

Velkommen til haustens KOM DEG UT DAG!

Kontaktinformasjon:

  • Arnfrid Bergheim og Astrid Breiland Eliassen
  • Tlf. 481 23 163 / 415 49 299