Øyane over

Øyane Over er eit av høgdepunkta på turprogrammet til Flora Turlag.
Øyane Over er eit av høgdepunkta på turprogrammet til Flora Turlag. Foto: Oddgeir Havn

Turen "Øyane Over" er ein klassikar på turprogrammet, og står fram som Flora Turlag sin hovudtur i sommarsesong. Turen tek deg med til øyane Hovden, Batalden, Skorpa og Kinn i skjergarden utanfor Florø.

På turprogrammet i 40 år

Øyane Over vart første gong arrangert 22.mai 1977, og er framleis på turprogrammet! I 2017 har vi satt turen opp på programmet to gonger - 21.mai og på "kom deg ut"-dagen 3.september. Turen i år er i samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag. 

Nyttig informasjon om turen: 

  • Turen tek 12 timar. Det er avgang med båt kl 07 frå Fugleskjærskaia i Florø. Retur i Florø kl 19. 
  • Det er bindande påmelding til turen, seinast dagen før innan kl 18. 
  • Møt opp på kaia i god tid for å registrere deg og få billett. Ved betaling i bank er det viktig å merke innbetalinga med namn! Hugs å ta med kvittering. 
  • Du kan velge om du vil gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane. For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit visst tempo på turane over toppane. 
  • Ein kan ikkje ta med hund, då det er sauer med lam på beite.
  • Hugs å ta med rikeleg med drikke og niste. Du kan ha ekstra vatn og mat, samt klede liggande om bord i båten. 

Har du spørsmål om turen? Ta kontakt med Astrid B.Eliassen (tlf 415 49 299). 

Informasjonskriv til Øyane Over - Kom Deg Ut - dagen

Rutebeskriving

Hovden

I Hovdevågen vert det gitt ei orientering om turen. Turen går over Hovden (5 km), via Vemannsrøysa, 239 moh eller langs sjøen på delvis asfaltert og grusa bilveg (5 km) til Barekstad. Turen langs sjøen vil vere ein roleg og fin start på dagen, medan turen over øya er litt tyngre. Båten går frå Barekstad kl. 10.00 til Batalden – spis gjerne litt før du tek båten frå Barekstad. 

Batalden og Skorpa

Til Batalden kjem vi omlag kl. 10.15. Her kan du anten gå til topps (bratt stigning 492 moh, 4 km t/r), rusle i fjæra, gå på kunstutstilling eller ta turen bort til Stokksneset. I ei av buene er det ei utstilling om sildetida. Det er muleg å få kjøpt kaffi og kaker. Mange vel å ta hovudmatpausa på Batalden. Dei mest vågale badar.

For å nå ned att til båtavgangen må alle ha starta på returen frå toppen innan kl. 12.00.
Kl 13.00 går båten vidare til Skorpa. Her kan du velje å ta turen over Blåkollen (tung tur 392 moh, 5 km) eller å gå langs sjøen. Her får du to val – ein kort (4 km) eller ein litt lengre tur (7 km) ut til Båsundet.

Kinn

Turen går vidare til Kinn omlag kl. 16.00 frå Skorpa. Dei fleste går til Kinnakyrkja (2,5 km t/r). Derfrå kan vi anten snu, gå gjennom Høyskaret og rundt øya (5,5 km), gjennom i sjølve Kinnaklova og rundt øya (6,5 km) eller opp på Søre Stauren (luftig 197 moh, 6 km) og tilbake til kaia.

Siste retur frå Kinn er kl. 18.30, og ein er tilbake på Fugleskjærskaia i Florø til kl. 19.00. Båten vi nyttar skal inn i ordinær rutetrafikk.

På Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg. Rutealternativa på Øyane Over er dei som er beskrivne ovanfor – vi kan ikkje tillate eigne rutetrasear.

Dersom vêret eller andre forhold tilseie det, kan turleiarane korte ned på turane og gjere ruteendringar.