TURTRIMMEN 2021

Utsikt frå Ytre Håsteinen/Høydalsnipa som ein del av Håsteinplatået.
Utsikt frå Ytre Håsteinen/Høydalsnipa som ein del av Håsteinplatået. Foto: Terese Eikefjord

På tur med Flora Turlag - turtrimmen 2021

Turtrimmen 2021 skal motivere til turgåing og gode naturopplevingar. Turpostane er spredt rundt i heile gamle «Flora kommune» og tilliggande kyst- og fjellområde.  

Det er 15 turpostar med ulik vanskegrad, 5 av turpostane er lettare turar og passar som familie/bornturar.  

Registrer turposten ved å sjekk inn på: ut.no, DNT si digitale turbok. Du kan bruke både nettsida og appen (gamle SjekkUT er ein del av denne). Nokre av turpostane har vert brukt tidlegare og du kan ha besøkt dei. Du må registrere besøket på nytt i tidsrommet for Turtrimmen 2021 for å bli registrert i statistikken vår.  

Ønsker du å bruke skjema eller ikkje får sjekka inn på ut.no kan skjemaet levarast inn på e-post til Flora Turlag:  floraturlag@gmail.com. Noter namn, e-post, mobilnummer, alder på born og dato før du sender det inn. 

Premiering

  • Born under 12 år er med i trekninga av premiar ved å ha teke 5 postar.
  • Vaksne er med i trekningen av gåvepremiar ved å ha teke 8 postar. 
  • Det vert også premiar til dei som har tatt alle 15 turpostane samt trekking av premiar blant dei som har tatt 8, 9, 10, 11, 12, 13 eller 14 turpostar.
  • Det vil ikkje bli krus i år.

Registreringsskjema og innlevering

  • Du kan registrere dine turar ved å bruke DNT si digitale turbok "ut.no" - både som app og nettside. 
  • Ønsker du å bruke registreringsskjema, finn du det her.
  • Registreringsperioden er frå januar til og med oktober 2021.
  • Frist for innlevering av registreringsskjema er  31. oktober 2021.

Om turane

  • Oppgjeve turtid er gangtid – så legg til tid for pausar. For spørsmål om turane kontakt Astrid Eliassen (tlf 415 49 229).
  • Turbeskrivingar kan ein finne på Flora Turlag si gruppe på ut.no Her finn du òg gode turkart som du kan ta utskrift av.  
  • Turområda finn ein på følgande kartblad i 1: 50 000 kartserien: Norges-serien Nordeca 10061 Florø og 10062 Ålforbreen dekker omtrent heile vårt turområde. 
  • Ønsker du å gå saman med andre, kan du bli med på turlaget sine fellesturar. Ønsker du å gå saman med andre, kan du bli med på turlaget sine fellesturar.  
  • Ferdeselsrett og ferdselsvett fylgjer hand i hand - meir om allemannsretten og friluftslova fin du på http://www.dirnat.no/
  • Planlegg sjølvsagt turen før du legg i veg og velg tur etter evne og forhold. Fjellvettreglane er alltid aktuelle: https://www.dnt.no/fjellvett/ 

Turmåla

  • Blåbrebu – 800 moh
  • Familie/born: Kletten i Kalsvik – 211 moh
  • Familie/born: Steindalen – Steindalsstøylen – 470 moh
  • Familie/born: Norddalsfjord – Ulldalen – 150 moh
  • Familie/born: Eikefjord – Sørmarka – 50 moh
  • Familie/born: Kinn – Kinn hytta – 10 moh
  • Eikefjord – Grøneheia – 670 moh
  • Hovden – Store Skorekinna – 310 moh
  • Øvre Standal – Storenipa – 636 moh
  • Lykkjebøen/Løkkebø – Djupedalsnipa – 962 moh
  • Norddalsfjord – Støylstuftene Hestedalsheia – 300 moh
  • Store Høydal/Øvre Standal – Håsteinen/Inste Håsteinen – 964 moh
  • Langedal – Torsvatnet – 480 moh
  • Norddalsfjord – Plassen – 330 moh
  • Grytadalen/Klauvene – Stillebåen – 575 moh

Ha ei riktig så fin tur!