Om oss

Flora Turlag skal arbeide for eit enkelt, aktivt, allsidig og naturvenneleg friluftsliv og for sikring av friluftslivets natur og kulturgrunnlag. Flora Turlag har over 900 medlemmar og er eit aktivt turlag med mange ulike aktivitetar gjennom heile året. 

Flora Turlag er tilslutta Sogn og Fjordane Turlag som ein av medlemsforeiningane i Den Norske Turistforening.

Flora Turlag vart etablert i 1976 og har i over 40 år lagt til rette for flotte turopplevingar i Flora-naturen. Turlaget har gjennom desse åra vore opptekne av at alle skal kunne finne eit tilbod som passar. I dag har vi tilbod til alle - frå barn til senior, på dagtid, ettermiddag og helg gjennom heile året. 

Kontonummer Flora Turlag: 3775.65.53268 

Kontakt oss

Kontaktinformasjonen til Flora Turlag finn du ved å skrolle litt lenger ned på sida. 

Oversikt over styremedlemmer og kontaktinformasjon finn du her. 

Her finn du vedtektene til Flora Turlag og andre dokument som årsmelding m.m.

Her finn du nyttig informasjon for deg som er turleiar i Flora Turlag.