Måndagsturar

Bli med på måndagstur i nærområdet rundt Florø!
Foto: Arnfrid Bergheim
Måndagsturen er for deg som ynskjer å bli kjent i nærområdet.
Kven passar turen for?
Er du kanskje ny i byen? Slit du med å kome deg ut av sofaen? Eller har du eit ynskje om å gå tur saman med andre? Då er dette turen som passar for deg!
Turane vil ta 1 – 3 timar, alt etter vær og rute. Du treng gode tursko og klær etter forholda. Ta gjerne med ein snacks og noko å drikke.
Måndagsturane fylgjer skuleruta.
Kvar møter ein opp?
Fast oppmøtestad blir austenden av Litlevatnet/Omsorgssenteret
Kontaktperson/turleiar:
Laila Anita Schønhardt - telefon: 416 89 820
Turleiarar har raude turleiarvestar.
Velkommen på måndagstur!