Flora Turlag fekk Mangfaldsprisen 2017!

Styreleiar i Flora Turlag Siv Merete Stadheim saman med Karianne Torvanger og Ane Eliassen under utdelinga på Florø Stadion 17.mai 2017.
Styreleiar i Flora Turlag Siv Merete Stadheim saman med Karianne Torvanger og Ane Eliassen under utdelinga på Florø Stadion 17.mai 2017. Foto: Egil Aardal/R.Aardal Foto

På 17.mai vart Flora Turlag tildelt Flora Kommune sin Mangfaldspris.

Flora Turlag fekk tildelt Flora kommune sin Mangfaldpris for 2017 under 17.mai-markeringa på Florø stadion.

Karianne Torvanger, leiar i Levekårsutvalet delte ut prisen. Torvanger grunngav tildelinga med det allsidige tilbodet som Flora Turlag har. Alt frå aktivitet i Barnas Turlag, Torsdagsturar for seniorar, Hav- og Fjellsportsgruppe, Lågterskeltilbod, helge- og midtveketurar samt det nystarta kajakktilbodet. Og at turlaget legg til rette for dei som ynskjer å nytte friluftlivet uorganisert vart teke fram. Turbok som vart gitt ut i 2016, var nemnd som eit døme på det, samt alle turane på UT.no, og merking/skilting av turområder.

Styreleiar Siv Merete Stadeim og kasserar Ane Eliassen mottok prisen på vegne av Flora Turlag.

Stadheim takka Flora kommune for prisen. I sin takketale sa ho; "det er mange frivillige som kvar og ein skal ha stor takk for den dugnadsinnsatsen som vert lagt ned. Denne innsatsen er heilt avgjerande for den allsidige aktiviteten som vi har i dag. Det er ei stor ære for turlaget at det arbeidet vert verdsett gjennom tildelinga av Mangfaldprisen!"