Premiering for turtrimmen 2021

Ein flott tursommar. Her frå fellesturen Nipenatt.
Ein flott tursommar. Her frå fellesturen Nipenatt. Foto: Arnfrid Bergheim

Då har vi klar premieringa for Turtrimmen 2021. 

Dei som har tatt samtlege turar får ei gratis overnatting på ei av hyttene våre pluss eit krus. Gåvekortet får dykk på e-post. Vi har også trukke tilfeldige vinnarar blant alle som har gått over 7 postar, dykk får DNT sokkar. I tillegg har vi trukke vinnarar frå SjekkUT på Brandsøyåsen og frå alle fellesturane våre.  Alle borna som har vore med å gått Turtrimmen i år vil få ein DNT matboks. Gratulerer! 


Alle vinnarane finn de her: 

Trekning og vinnarar

Skrevet av Karen Nilsen 25. november 2021