Fredagstips påske 2021

Utsikt sørvestover mot Alden frå Skaranipa på Stavøya
Utsikt sørvestover mot Alden frå Skaranipa på Stavøya Foto: Arnfrid Bergheim

Her kjem våre siste fredagstips før tipsa tar ein liten ferie. Vi håper dykk får en riktig så fin påske, og at de er mykje ute i naturen! Her kjem nokre gode tips til akvitieter i påska 

🐥 Elvevandring 

No er det mykje vatn i bekkar og elvar, og fossane er store. Det kan difor være spennande å leggje ut på elvesafari. For eksempel tur frå Agledalen til Storevatnet, opp frå Gravplassen i Norddalsfjord og inn mot Litlevatnet til Hestedalsfossen og Grønskredfossen. 

Eller opp fra Norddalsfjord ved gamle butikken og Gjelet til Storvatnet og Lendingsholten der får du set Fessene. Går du over brua er vegen kort til Grulvelva og den flotte fossen. 

🐥 Kan du finne jettegrytene? 

I området vårt har vi mange spennande jettegryter. Ei jettegryte er ei grop i fast berg, som ser ut som ei gryte. Vi kan foreslå enten ved Uravatnet/Urrabben, Svanevatnet opp frå Sagevik eller i Humrevika. Desse ligg som SjekkUT punkt. 
Finn du fleire? Gi oss ein lyd! 

🐥 Tid for å finne fram hengekøya?

Kven finn den finaste og beste plassen for overnatting i hengekøye? Våre tips er Frishatten, Lendingsholten, Urrabben eller Stavøya/Skaranipa.
​​​​​​​


🐥 Andre tips

Ta familien med ut og lag middag på bålet! Eller arranger ein konkurranse om å finne dei største og artigaste maurtuene og trærne!
Sjekk ut Turtrimmen 2021, her finn du også mange fine turar. 

Mogelegheitene er mange, kun kreativiteten sett ein stoppar! 

Men vær obs ved kryssingar av elver og bekker. Sjekk på Varsom for skredvarsel og informasjon. Bruk gjerne broddar det kan være isete og glatt om du går opp i høyden. Her finn du alle våre turar, værvarsling og skredvarsel.


Skrevet av Karen Nilsen 26. mars 2021