Fredagstips 05. mars

Frå høgda på sørsida av Tjørnesvatnet.
Frå høgda på sørsida av Tjørnesvatnet. Foto: Arnfrid Bergheim

Då var det snart helg igjen, og jammen fekk vi ei ny runde med litt snø. Uansett vær, her kjem helgas fredagstips!

❄️ Norddalsfjorden

Svanevatnet, Storevatnet eller Gjelefjellet er flotte turar. Går du opp Gjelet kjem du til Gjelefjellet, Storevatnet og Svanevatnet. Går du over brua og traktorveien og Dyrestigen går du mot Norddalsstøylen. Parker ved den gamle butikken i Norddalsfjorden. Forslag til rute finn du her. 
​​​​​​​

❄️ Rundtur: Haukå - Gulskarlivatnet -Tjørnesvatnet

Parker ved vestenden av Haukåvatnet og start med å følge skogsvegen. Rute finn du her. 

❄️ Steindalsstøylen

Du startar i Steindalen og parkerer ved Steindalsbrua. Rute finn du her. 

❄️ Svardalsstøylen

Start frå Øyrabrua mellom Svardal og Steindal. Her kan du parkere og gå austover på bilvegen ca 200 meter. Sving så til høgre inn på skogsbilvegen (bom). Rute dinn du her. 
​​​​​​​

Mogelegheitene er mange, og du finn dei fleste steder som SjekkUT punkt! Husk å sjekk Varsom for skredvarsel og informasjon.

ut.no finn du alle våre turar, værvarsling og skredvarsel.

Riktig god helg!

Skrevet av Karen Nilsen 5. mars 2021