Fredagstips 05. februar

Foto: Marius Dalseg Sætre

Her kjem vekas fredagstips 💥

Fredagstipsa i fjor var ein stor suksess, så vi følger dei no opp med turtrips du kan ta med truger eller ski! Til helga er det Kom deg ut dagen og vi i DNT vil ha alle ut på tur, og aller helst i nærområdene. Det er meldt strålande fint vintervær så her får du mange gode tips frå oss!

❄️ Endestadnipa

Eit fint turmål er Endestadnipa som har vore ein fin skitur på Kom deg ut dagen mange gonger. Det er kjørt spor frå Humlestøylen til enden på Langevatnet og derfrå går skispor opp til Endestadnipa. Denne turen er også ein fin trugetur.

❄️ Ramsdalsheia og Ramsdalsnipa

Her er det fint å gå frå krysset der veien går til Humlestøylen. Veien opp til tunnelen er ein fin tur før ein fortset vidare på den eine eller andre sida av tunnelen.

❄️ Skitur i Brandsøyåsen eller til Uførefjellet

Disse er også fine turar for barn, og turane er gått tidlegare så det er spor. Tips: Last ned Kul Tur appen, den er fin med mange barneaktivitetar.

❄️ Topptur

Om du vil på topptur er det mange fine topper å velge i som Egga, Klauvekeipen, Haukåbøra eller Haukånipa. Tar du ein av desse turane må du ha godt utstyr og kunne ta skredvurdering. Sjekk på https://www.varsom.no/ for skredvarsel og informasjon.

❄️ Andre gode tips

Isen på vatna i sentrum og Eikefjorden er sikre så det er berre å ta fram skøytene. Det er oppgåtte spor til Dagsturhytta på Fløgen - fint å gå både til fots eller med truger.

https://ut.no/ finn du alle våre turar, værvarsling og skred.

Tagg oss gjerne i turane med #floraturlag 🤩

Skrevet av Karen Nilsen 5. februar 2021