Fredagstips 29. januar

Foto: Anita Fidjeland

Vi lanserar nye fredagstips 💥

Fredagstipsa i fjor var ein stor suksess, så vi følger dei no opp med turtrips du kan ta med truger! Trugeturar er kjekt og du treng ikkje dra langt.

❄️ Frå parkeringsplassen på Langedal

Her finn du utgangspunkt for mange fine turar! Ta turen opp skogsveien oppover, og fortset videre opp i skogen mot Litlevatnet, Langedalsstøylen og Torsvatnet. Ved Torsvatnet ligg det turtrimpost. Vil du forlenge turen er det fint å gå opp til Høgenipa og opp dit er det sommarmerking.

Det er også fint å ta turen om Sætanestøylen eller bort til Sætelistøylen frå Langedasstøylen, og ned same vegen. Dersom du vurderar tur opp til Endestadsnipa bør ein ta frå Humlestøylen og ikkje opp frå Torsvatnet.

Denne helga kan du være heldig å få deg ein måneskinnstur tur!

Turen er også fin å ta som skitur


❄️ Tips for å gå med truger

Dersom du ikkje har truger, snakk med dei som går på truger og få gode råd. Stavane bør være litt kortare enn dei ein bruker på ski og med trinser. Husk å ha på varme sko som ikkje er tronge eller for mjuke. På mjuke sko kan reimane på trugene klemme. Vi anbefaler også gamasjer. Ta gjerne med deg gode broddar dersom du går på vei eller sti som er isete. Greitt å ha begge deler med seg og skifte etter kvar ein går.

Vær obs på vatn og bekk/elvar der du går. Sjekk på  https://www.varsom.no/  for skreddvarsel

Gå gjerne på www.ut.no og finn nye turar, værmeldingane finn ein også der.

Riktig god tur og helg! Tagg oss gjerne dersom du tar bilete frå trugeturen 🤩

Foto: Anita Fidjeland

Skrevet av Karen Nilsen 29. januar 2021