Fredagstips 22. januar

Foto: Katrine Fjellestad Aske

Vi lanserar nye fredagstips 💥​​​​​​​

Fredagstipsa i fjor var ein stor suksess, så vi følger dei no opp med turtrips du kan ta med truger! Trugeturar er kjekt og du treng ikkje dra langt for å få det til. 

❄️ Uførefjellet

Første anbefaling er trugetur på Uførefjellet. Her er det er berre å følge turruta som ein går om sommaren. Turen startar med trafoen på Grov.

Det er fleire av fotturane som ein kan gå med truger når snøen kjem, for eksempel turen opp til Dagsturhytta på Fløgen og vidare opp til Hatlesetnipa.

❄️ Tips for å gå med truger

Dersom du ikkje har truger, snakk med dei som går på truger og få gode råd. Stavane bør være litt kortare enn dei ein bruker på ski og med trinser. Husk å ha på varme sko som ikkje er tronge eller for mjuke. På mjuke sko kan reimane på trugene klemme. Vi anbefaler også gamasjer. Ta gjerne med deg gode broddar dersom du går på vei eller sti som er isete. Greitt å ha begge deler med seg og skifte etter kvar ein går.

Gå gjerne på www.ut.no og finn nye turar, værmeldingane finn ein også der.


Riktig god tur og helg!

Tagg oss gjerne dersom du tar bilete frå trugeturen 🤩

Torsdagstur i Flora Turlag
Torsdagstur i Flora Turlag Foto: Trygve Nybø/ Øyvind Kleiven/ Arnfrid Bergheim

Skrevet av Karen Nilsen 22. januar 2021