Har du tatt årets finaste turbilde?

Foto: Claire Kvalheim Kieffer, DNTs fotokonkurranse

Vi er no på jakt etter årets flottaste turbilde frå vårt område. Bli med i konkurransen om å vinne heder, ære og flotte premiar. I samarbeid med Strandgata Sport delar vi ut gavekort på heile 1000,- til førsteplassen, 750,- og andreplassen og 500,- til tredjeplassen. I tillegg vil vi trekke to eksemplar av årets Opptur Kysten til to tilfeldige vinnarar.

For å være med: 

Send inn bilete på e-post til: karen_nilsen@hotmail.no eller tagg oss på Instagram/Facebook med taggane #ftkonk og #floraturlag.
​​​​​​​ 

Vi har eit par reglar for å gjere konkurransen så rettferdig som mogeleg:

  • Frist for å sende inn er 31. desember
  • Bilete må være tatt i Flora Turlag sitt nedgangsfelt (gamle Flora kommune og tilliggande kyst- og fjellområde)
  • Bilete må være tatt i 2020, og du må ha tatt det sjølv
  • Du kan maks registrere 3 bilete 
  • Ved bilete av barn må foreldre samtykke på barnets vegne inntil barnet er 15 år.
  • Vi forbeholder oss retten til å offentliggjøre bilda i forbindelse med omtale av konkurransen samt bruke dei premierte bilda i eigne kommunikasjonskanalar.

Lukke til! Vi gledar oss til å sjå resultata.

Skrevet av Karen Nilsen 11. november 2020