Fredagstips 14. august

Felles sykkeltur til Svanøy i 2019.
Felles sykkeltur til Svanøy i 2019. Foto: Signe Nordvik

Her kjem vekas FREDAGSTIPS ✨

Denne gongen vil vi tipse om turar på øya Svanøy.

Øya er kjent som "Sunnfjords perle", er den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune. Vi kan også anbefale ein tur på Hjortefarmen eller Hovudgarden også!

🌿 Sagevatnet rundt

Fin og enkel rundtur på nesten 4 km.

🌿 Austneståna

Også ein enkel men fin rundtur på ca. 3 km.


🌿 Kvalstadfjellet / Vågsfjellet

Ein litt lenger, middels tur med fleire utgangspunkt.

🌿 Nordsjøløpya

Flott tur på ca. 7 km og 2,5 time.


Du finn alle våre 158 turmål her.


For båtruter sjekk kringom.no då det er fleire båtanløp dagleg, så bruk gjerne ein dag på øya. Rutene er ulike så sjekk ulike dager kvar som passer best.

Ta gjerne med hengekøye eller telt, og husk båndtvang for hund - det er dyr på beite og bålforbud.

God helg alle saman! ☀️

Skrevet av Karen Nilsen 14. august 2020