Fredagstips 10. juli

Kvanhovden Fyr på øya Hovden.
Kvanhovden Fyr på øya Hovden. Foto: Fjordkysten Friluftsråd

Her kjem vekas FREDAGSTIPS 🥳

I dag vil vi tipse dykk om turar på Hovden. Det er den største øya utafor Florø, og her er mogelegheitane mange.

🌳 Barekstad til Kvanhovden fyr

Flott tur rundt øya rundt på ca. 3 timar. Her finn du også ei stilig jettegryte.


🌳 Over Vemannsrøysa til Hovdevåg

Også ein flott tur over Vemannsrøysa på 239 moh. Denne turen tar ca. 2 timar.


🌳 Kvannhovden via Hovdevåg

Nordsjøløype og fint merka tur på ca. 2 timar.


🌳 Store Skorekinna

Høgste toppen på øya med sine 310 moh. Du brukar ca 1,5 time på turen.


Øya har flott servicerom og gjestebrygge. Ta kontakt med Rune Nilsen på 952 49 192 om du vil nytte brygga.

Ellers går det rutebåt ut - www.kringom.no for rutetider.


Ha ei riktig så fin helg!

Skrevet av Karen Nilsen 10. juli 2020