Fredagstips 20. mai

Frishatten med tjernet foran
Frishatten med tjernet foran Foto: Arnfrid Bergheim

FREDAGSTIPSET ⚡️I dag kjem dei lokale eksperttipsa på ein onsdag, ettersom vi har ei langhelg i sikte!

🌲 Frishatten og Plassen/Dalsreset
Frå Parkeringsplassen ved Solheim Skule i Norddalsfjord går spora til Frishatten og Dalreset frå, men er det ledig parkering på Myrane kan ein også starte derifrå.

Gå skogsvegen til endes, her er god skilting. Ved enden av skogsvegen kan ein ta til Frishatten eller Plassen.
Ved turen til Plassen kan du velje å gå same veg ned igjen, men er det fint vær tar du gjerne turen opp på Dalreset. Då kan du gå ut til Kvamane og ned til Frishatten.

🌲 Dyttingevatnet
Eit anna fint turmål er lenger inne og opp frå Sunndalen. Start ved Nedstevarnet og gå opp Støylen/ Nordre Midtbøstøylen også vidare ut til Dyttingevatnet. Her er det fin utsikt!

🌲 Padletur på vatna i Norddalsfjorden kan vi også anbefale. Det er rein idyll.

Ta gjerne med hengekøye eller telt på tur.
Husk bandtvang for hund og bålforbud.

Finn alle våre turtips her: https://ut.no/gruppe/15130/flora-turlag. Det er sjekkUT punkt ved Dalreset, Frishatten og Dyttingevatnet. Ha ei riktig så fin langhelg!

Utsikt austover frå Frishatten mot Solheimsvatnet og Midtbønipa
Utsikt austover frå Frishatten mot Solheimsvatnet og Midtbønipa Foto: Arnfrid Bergheim

Skrevet av Karen Nilsen 20. mai 2020