Fredagstips 15. mai

Magisk ved Litlevatnet!
Magisk ved Litlevatnet! Foto: Arnfrid Bergheim

FREDAGSTIPSET ⚡️Dette er lokale eksperttips som vi ønsker å dele med dykk. Desse turområda kan de fint ta med dykk inn i 17- mai helga.

🌲Denne veka anbefaler vi turmål frå parkeringsplassen i Langdal. Her er det flotte stader som Sætanestøylen, Sætelistøylen, Langelandstøylen, Høgenipa og Torsvatnet

Frå parkeringsplassen er det traktorveg eit stykke oppover og det er godt skilta i området. Det er komt bru ved Litlevasselva og skogen er rydda langs Strupeelva, så her er fint å gå. Det er litt snø og vått, men akkurat dét kjem vi ikkje unna desse dager.

Her finn de spor til Høgenipa og Torsvatnet og her finn du sporet til rundturen Sætelistøylen- Langedalstøylen - Sætanestøylen.


🌲Har du lyst på padletur anbefalar vi Storfjorden, Løkkebøvatnet og Endestadvatnet.


Ta gjerne med hengekøye eller telt på turen!

Husk båndtvang for hund og bålforbudet.


Ha ei riktig så fin helg, og god 17. mai 🇳🇴

Skrevet av Karen Nilsen 14. mai 2020