Fredagstips 08. mai

Ulladalen med utsikt vestover mot Haukåvatnet
Ulladalen med utsikt vestover mot Haukåvatnet Foto: Arnfrid Bergheim

FREDAGSTIPSET ⚡️

Dette er lokale eksperttips som vi ønsker å dele med dykk. Desse turområda kan de fint ta med dykk inn i helga.

🌲I dag tipsar vi om Haukåvatnet til Gulskarlivatnet, Tjørnesvatnet og ned over Rimma.
Gå skogsvegen opp frå vestre enden av Haukåvatanet. Følg stien som går mot Haukånipa ett stykke til du kjem opp mot Tjørnesvatnet og gå innover mot Gulskarlivatnet. Ned att kan du gå via Tjørnesvatnet og Rabben.

På ut.no finn du ein kortare versjon av turen her: https://ut.no/turforslag/119617/hauka-tjrnesvatnet-rundtur


🌲 Ulladalen
Ta gjerne turen opp i Ulldalen no før det gror til. Ulldalen blei mykje brukt tidlegare når ein gjekk til Børa både på ski og til fots. Det er flotte utkikkspunkt som ser vestover/utover mot Haukåvatnet, Brudesløret og øyanane utanfor Florø.

Turbeskrivelse frå busstoppet med Norddalsfjorden her:
https://ut.no/turforslag/117407118/ulldalen


🚣‍♂️ Har du lyst på padletur er det fine padleområde på Storfjorden, Løkkebøvatnet og Endestadvatnet.


Ta gjerne med hengekøye eller telt!
Husk båndtvang for hund og bålforbud.

Ha ei riktig så fin helg!

Skrevet av Karen Nilsen 8. mai 2020