Fredagstips 24. april

Foto: Astrid Eliassen/Tine Kroppan

Her kjem dagens FREDAGSTIPS ⚡️Dette er lokale eksperttips som vi ønsker å dele med dykk. Desse turområda kan de fint ta med dykk inn i helga.

🌲Rundtur over Urrabben - Jettegryta - Storfurua

Her kan du starte frå Knappstad: https://ut.no/turforslag/117211468/knappstad-jettegryte-urrabben-storfurua-yraskora-knappstad

Eller frå Kalveneset: https://ut.no/turforslag/111262921/kalveneset-yraskora-urrabben-rundtur

På denne turen vil du treffe på Øyraskora som er ein del av Turtrimmen. Det er også fleire SkjekkUT punkt på vegen. Ta gjerne med hengekøye eller telt på denne turen. Her er mange fine stader å overnatte 🏕I tillegg er turen godt merka og skilta.


🌲Padletur i Norddalsfjorden

Kjempefin kajakktur inn i Nordalsfjorden. Meir informasjon finn du her: https://ut.no/turforslag/113477892/norddalsfjord-gamle-ferjekai


Ha ei riktig så fin turhelg!

Skrevet av Karen Nilsen 24. april 2020