VI LANSERER FREDAGSTIPS!

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Vi lanserer vårt nye lille prosjekt: FREDAGSTIPS ⚡️

Dette er lokale eksperttips om fine turar som vi ønsker å dele med dykk. Desse turområda kan de fint ta med dykk inn i helga.

Dagens fredagstips er:
🌲 Stavøy og Skaranipa (201 moh). Her kan ein gjerne ta turen ut til Humrevika og finne Jettegrytene. Meir informasjon finn du her: https://ut.no/turforslag/119967/stavya-skaranipa

🌲Gapahuken på Liaflata i Stavang (150 moh). Dette er ein fin tur å ta med born! https://ut.no/sted/141645468/gapahuken-liaflata

🌲Gapahuken på Klavelandet. Dette er også ein fin familietur og ein når gapahuken frå fleire steder. Eit tips er frå Mækjevika her: https://ut.no/turforslag/119193/mkjevika-til-bjrnset

Ha ei fin og frisk helg!

Skrevet av Karen Nilsen 17. april 2020