Transport/vedlikehold på Blåbrebu og Gjegnabu.  Utbetringane oppdateres fortløpande

Helikoptertransport frå Grøndalen til hyttene Blåbrebu og Gjegnabu
Helikoptertransport frå Grøndalen til hyttene Blåbrebu og Gjegnabu Foto: Anders Myklebust

Flora Turlag har starta med eit omfattande vedlikeholdsarbeid på hyttene Blåbrebu og Gjegnabu. Utstyret og materialer er på plass og vi oppdaterer om arbeidet.


Mandag var det helikoptertransport med nødvendige varer og materialer til vedlikehold av Flora turlag sine hytter på Gjegnabu og Blåbrebu. Det var mange samla og deltok for og få dette til, og som verkeleg legg ned mange timer i året for at hyttene i sesongen skal være i god forfatning og trivelege turmål. Ekstra takk til organisatorane for denne dagen, Anders Myklebust og Stig Solheim.

To fine dager på Blåbrebu. Etter noen uker og måneder med planlegging, pakking, bygging av kasse til doen og kapping og maling av kledning til gamle Blåbrebu så kom finalen i går da alt skulle flys opp. Vi hadde som mål å få montert doen, montere solcellepanel, stable veden under hytta, å montere det gamle solcelleanlegget på gamlehytta. Samt mange andre småjobber. Når vi ga oss for kvelden kl 2130, så blei det servert ytrefilet av hjort med potetstappe og sellerirot. En god avslutning på dagen.

Blåbrebu veke 28 Gjort klar golvbelegget på doen. Skifta kledningen  på gamle hytta og sett opp rekkverk på brua  Neste dugnad 26. til 28.juli

Gjegnabu har fått ny dør på vest sida(nødutgang).  Laga til platting foran inngangspartiet, vest sida.  Støypt golv i boda og innafor inngangsdøra. Bytta ytre dør på sør sida. Satt kledning på austsida på nedre del av hytta.  Doen er tømd.  

24. september blei det satt inn ei ny dør som skal lette tilgangen på vinterstid. På døra er det satt opp en sperre som skal sikre at døra ikke åpner seg ved et uhell. Den må stå på når hytta forlates.

Gjegnabu 13. og 14.juli blei vegger og tak på hytta beisa.  Ny pipehatt på plass

Vi vil oppdatere om dugnaden på hyttene på siden her

Takk til dugnadsfolka

Blåbrebu 24 06 til 26 06 Hans Olav Eikevoll, Øyvind Hovland, Ørjan Halvorsen, Ørjan Ø Solheim og Stig Solheim

 Blåbrebu veke 28 var Stig Solheim og Per Endestad  

Gjegnabu 28. til 30.juni var Per Endestad

 Gjegnabu 13 . til 14.juli var Martin Mettenes, Dag Eliassen og Astrid Breiland Eliassen 

Gjegnabu 24.september var Per Endestad, Anita Fidjeland og Dag Eliassen 

Takk til Alvdis Solvang som stilte med kaffe og kaker.  Ho var også kontaktperson i Gøndalen - der er dårleg eller ingen mobildekning.  Flora Turlag fekk også lov å laste opp frå garden i Grøndalen.  

Takk til alle som deltok på transporten 23 06 0g 24 06 til hyttene.  

Blåbrebu, dugnadsgjengen er på plass for å ta imot helikopteret
Blåbrebu, dugnadsgjengen er på plass for å ta imot helikopteret Foto: Stig Solheim
Sikringsbua "gamle" Blåbrebu
Sikringsbua "gamle" Blåbrebu Foto: Stig Solheim
Mottak av utstyr  ved Blåbrebu
Mottak av utstyr ved Blåbrebu Foto: Stig Solheim
Gjegnabu sett frå helikopteret på veg inn for lossing av utstyr
Gjegnabu sett frå helikopteret på veg inn for lossing av utstyr Foto: Dag Eliassen
Lasta trygt mottatt på bakken
Lasta trygt mottatt på bakken Foto: Dag Eliassen