Oppturdagen 2019

08. mai 2019 blei OPPTUR arrangert for 14 gong! Turen er en nasjonal turdag der 8. klassinger over hele landet blir invitert til en dag med friluftsliv, fysisk aktivitet og naturopplevelser.

Veiret var inga hindring for at vi i dag kunne ta imot 140 spreke 8.klassingar og 13 positive lærarar frå Eikefjord og Flora Ungdomsskule på toppen av Brandsøyåsen. Sjølv i snøbyger og vekslande sol var det god stemning gjennom heile dagen. 

Ved Storevatnet hadde Ingunn og hennar 12 elevar frå 2HHA ulike aktivitetar – natursti, kanopadling, Kims leik, basketballhalding, tårnbygging og slakk line. Ved Torvmyrane skule var det fruktstasjon og Trygve, Solveig og Alvdis delte ut frukt sponsa av Kiwi. På toppen venta Astrid, Hilde, Anita, Laila og Arnfrid med Olden vatn og Opptur panneband til alle som fullførte oppturen.

God stemning og fine ungdommar sang bursdagssangen til Anita i stødig regi av styreleiar Heidi. Etter spennande loddtrekking der ein frå kvar klasse vant eit gavekort var det takk for i dag, og vel heim samtidig som snøen lava ned. Sjå premiering og oppsummering her. 

Stor takk til alle frivillige som var med på arrangementet som er Flora Turlag sitt største arrangement for året og 14. gang på rad vi er med DNT på OPPTUR.

Skrevet av Karen Nilsen 8. mai 2019