Vil du være med på stidugnad i Brandsøyåsen?

Dugnad på Brandsøyåsen
Dugnad på Brandsøyåsen Foto: Arnfrid Bergheim

Flora Kommune kallar inn til stidugnad i Brandsøyåsen onsdag 19. juni 2019 - klokka 18.00. Det er oppmøte på parkeringsplassen v/ Torvmyrane Skule.

Flora kommune går no inn til siste fase av stiprosjektet i Brandsøyåsen. I den anledning er dei på jakt etter medlemmar av Flora Turlag som kunne tenkje seg å bidra. 

Jobben vil i hovudsak gå ut på grøfting, nedlegging av rør, fjerning av røtter, steinarbeid, skogrydding. Reiskap vil vere spade, krapse, spett. Kommunen har kappsag til å fjerne røtter og motorsag. Dei skal og få opp ein del rør som skal leggast ned.

Går alt etter planen vil stinettet være ferdig ila juni.

Vil du være med?

Ta kontakt Anders Espeset - plansjef i Flora Kommune
Telefon: 952 27 275

Skrevet av Karen Nilsen 3. juni 2019