Pengegåve frå Marine Harvest

Gåva var overrakt frå driftsleder Ingeborg Reksten i Marine Harvest og Anita Øygard mottok den på vegne av Flora Turlag.
Gåva var overrakt frå driftsleder Ingeborg Reksten i Marine Harvest og Anita Øygard mottok den på vegne av Flora Turlag.

Flora Turlag har fått 25.000 til kajakksatsinga. 

I sommar mottok Flora Turlag ei gåve frå Marine Harvest på kr 25.000 til kajakksatsinga. Turlaget er starta med felles kajakkturar og ein ser at det alt er venteliste på lån av kajakker.

«No har vi ein god muligheit til å utvida tal kajakker og enno fleire kan vere med oss på padletur» seier styreleder i Flora Turlag, Siv Merete Stadheim. Ho uttrykker at turlaget er svært takknemlig for gåva frå Marine Harvest og at dette er noko alle dei frivillige set pris på.

Flora Turlag ønskjer å rette ein stor takk til Marine Harvest for gåva!

Skrevet av Sara Marie Ytreøy 20. august 2018