Nye kajakkar på plass

Foto: Tine Kroppan Holvik

Vi har kjøpt inn heilt nye kajakkar for pengegåve vi fekk av Sparebanken Sogn & Fjordane!

I vår vart Flora Turlag tildelt 100.000,- av Sparebanken Sogn & Fjordane. Pengane skulle gå til innkjøp av kajakkar til utlån i samband med padleturane som starta opp i fjor. 

Vi har no kjøpt inn 6 kajakkar og ein hengar, slik at vi kan frakte kajakkane til ulike startpunkt. Dette gjer at endå fleire kan vere med på felles padleturar. Vi har felles padleturar utvalde onsdagar i vår, sommar og haust. Dato og informasjon om turane finn du i aktivitetskalenderen vår på nettsida. 

Flora Turlag ønskjer å rette ein stor takk til Sparebanken Sogn & Fjordane for den flotte gåva!

Skrevet av Sara Marie Ytreøy 16. juni 2018