Friluftsskule sommaren 2018

Kvanhovden Fyr på øya Hovden i Flora kommune
Kvanhovden Fyr på øya Hovden i Flora kommune Foto: Fjordkysten Friluftsråd

Det vert i sommar arrangert 4 friluftsskular for born i Flora kommune. 

Fjordkysten friluftsråd arrangerer i samarbeid med Naturvernforbundet og DNT 4 Friluftsskular ved Kvanhovden fyr i Flora kommune i sommar.

Friluftsskulen er eit tre dagers aktivitetsopplegg med ein overnatting i lavo for born og unge i alderen 10 til 13 år.
Pris 950 kr.

Datoar: 

  • tysdag 26. -torsdag 28.juni
  • tysdag 03.- torsdag 05.juli
  • tysdag 07 –torsdag 09.August
  • tysdag 14. -onsdag 16.august

Vi har ein flott kystnatur, og vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen, både som ein stad og vere, ein stad å lære og ein stad å hauste. Gjennom ulike aktivitetar, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser. Vi har kajakkpadling, tur, bading og opplevingar i fjæra som hovudaktiviteter.

Meir informasjon og påmelding: 
Les mer og meld deg på www.fjordkystenfr.no eller https://www.deltager.no Søk på arrangør Fjordkysten Friluftsråd.
Du kan og sende e-post bjarte@friluftsrad.no, eller ringe 99487500.

Skrevet av Sara Marie Ytreøy 16. juni 2018