Øyane Over

Fellestur

Dato
27. mai kl. 07:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
Flora Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Båttur og fottur på øyane Hovden - Batalden - Skorpa - Kinn.  Saman med Indre Sunnfjord Turlag

Det er korte og lette turar på kvar øy. Dersom du ønsker, kan turen bli meir krevjande om du går alle toppane.  Du får med deg det meste av skjergarden utanfor Florø. Ei kulturvandring i kysthistorisk landskap.  

 
Vi har to turar i 2018: 27. mai og 2. september på Kom Deg Ut - dagen!

Turen tek 12 timar. Du kan velge om du vil gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane. For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit vist tempo på turane over toppane.  Det er lettare turar for dei som ikkje vil gå over alle toppane.

Du kan gjerne ha ekstra klær, mat og drikke med deg som står på båten. Ha ein liten sekk med deg på turen over øyane.  Husk å ta med godt med drikke

Båten går frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 07.00. Møt opp i god tid for å registrere deg og få billett. Ved betaling i bank er det viktig å merke innbetalinga med namn! Husk å ta med kvittering. 

Deltaking på alle turlagets turar skjer på eige ansvar.

Påmelding og informasjon innan laurdag 26.mai kl 18.00 og er bindande:
Flora Turlag: Astrid Breiland Eliassen  415 49 299  eller
                            Arnfrid Bergheim  481 23 163

Indre Sunnfjord Turlag: Jorunn Vågen 481 41 729

Siste retur frå Kinn kl. 18.30  tilbake på Fugleskærskaia i Florø til kl. 19.00 -  då båten skal inn i ordinær rutetrafikk.

Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg. Rutealternativa på Øyane Over finn du på informasjonskrivet – vi kan ikkje tillate eigne rutetrasear.  Dersom været eller andre forhold tilseier det kan vi korte ned på turane og gjere rutendringar undervegs.

Informasjonsskriv til Øyane Over     Skriv det gjerne ut og ta det med deg! 

Gledeleg melding frå Gunhild Bjelland, eigar av Batalden Havbu: 
"Søndag 27.mai blir det nyopning av galleriet under "Øyane over" med Åge Steinset som gjesteutstillar." 
Her kan du lese meir: 
http://www.bataldenhavbu.no/

 

Prisar:

Medlem i turlaget/DNT: kr. 600

Ikkje medlem: kr. 650

Ungdom < 25 år med studentbevis kr. 550

Kontonummer:  3775 65 53268

 

Les meir om turane her - turane er beskrevne her, men på Øyane Over deler vi opp rutene.
Følg turleiarane og deira rettleiing.

https://www.ut.no/tur/2.15892/  Turen på Hovden

https://www.ut.no/tur/2.7246/    Turen på Batalden 

http://www.ut.no/tur/2.10008/   Turen ned frå Blåkollen - Skorpa

http://www.ut.no/tur/2.15864/    Turen rundt på Skorpa

http://www.ut.no/tur/2.15886/    Turen rundt på Kinn - Sunnivaleia

http://www.ut.no/tur/2.15885/    Turen rundt på Kinn - gjennom Kinnaklova

Øyane Over

Båttur og fottur på øyane Hovden - Batalden - Skorpa - Kinn.  Saman med Indre Sunnfjord Turlag Det er korte og lette turar på kvar øy. Dersom du ønsker, kan turen ...

Kontaktinformasjon: