Kom Deg Ut dagen - Øyane Over

Arrangement

Dato
3. september 2017 kl. 06:45
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
Flora Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Båttur og fottur på øyane Hovden - Batalden - Skorpa - Kinn.  

Turen i år er i samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag.

Det er korte og lette turar på kvar øy. Dersom du ønsker, kan turen bli meir krevjande om du går alle toppane. Du får med deg det meste av skjergarden utanfor Florø. Ei kulturvandring i kysthistorisk landskap.  

For 40 år sidan og 22.mai var turen første gong arrangert. 
Dette feirar vi med to turar: 21. mai og 3. september på Kom Deg Ut - dagen!

Informasjonskriv for Øyane Over Kom Deg Ut-dagen 

Turen tek 12 timar. Du kan velge om du vil gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane. For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit vist tempo på turane over toppane. Det er lettare turar for dei som ikkje vil gå over alle toppane.

Du kan gjerne ha ekstra klær, mat og drikke med deg som står på båten. Ha ein liten sekk med deg på turen over øyane.  Husk å ta med godt med drikke.  Du kan ikkje ta med deg hund på Øyane Over.

Båten går frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 07.00. Møt opp i god tid for å registrere deg og få billett. Ved betaling i bank er det viktig å merke innbetalinga med namn! Husk å ta med kvittering. 

 

Påmelding og informasjon innan laurdag 2. september kl 18.00 og er bindande:
Flora Turlag: Astrid Breiland Eliassen  415 49 299  eller
                           Arnfrid Bergheim  481 23 163

Indre Sunnfjord Turlag: Lydia Nesje  959 07 019

 

Siste retur frå Kinn kl. 18.30  tilbake på Fugleskærskaia i Florø til kl. 19.00 -  då båtane skal inn i ordinær rutetrafikk.

Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg. Rutealternativa på Øyane Over finn du på informasjonskrivet – vi kan ikkje tillate eigne rutetrasear.  Dersom været eller andre forhold tilseier det kan vi korte ned på turane og gjere rutendringar undervegs.

Prisar:

Medlem i turlaget/DNT: kr 600,-

Ikkje medlem: kr 650,-

Ungdom < 25 år med studentbevis kr 550,-

Kontonummer:  3775 65 53268

Deltaking på alle turlagets turar skjer på eige ansvar.

Les meir om turane her - turane er beskrevne her, men vi deler opp rutene.  Følg turleiarane og deira rettleiing.

http://www.ut.no/tur/2.15892/   Turen på Hovden

http://www.ut.no/tur/2.7246/     Turen på Batalden 

http://www.ut.no/tur/2.10008/   Turen ned frå Blåkollen - Skorpa

http://www.ut.no/tur/2.15864/    Turen rundt på Skorpa

http://www.ut.no/tur/2.15886/    Turen rundt på Kinn - Sunnivaleia

http://www.ut.no/tur/2.15885/    Turen rundt på Kinn - gjennom Kinnaklova

 

 

Kom Deg Ut dagen - Øyane Over

Båttur og fottur på øyane Hovden - Batalden - Skorpa - Kinn.   Turen i år er i samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag. Det er korte og lette turar på ...

Kontaktinformasjon:

  • Arnfrid Bergheim og  Astrid Breeiland Eliassen
  • Tlf. 481 23 163 / 415 49 299