Skorpa

Fellestur

Dato
5. mai kl. 16:20
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Onsdagstur
Arrangør
Flora Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Blåkollen på Skorpa er turmålet på onsdag.  Vi startar på kaia i Skorpevågen og går på veg/merka sti til skiltet til Båsundet. Vi forsett så oppover på stien til Blåkollen som er på 393 moh. Vel oppe har vi flott utsikt til Floraskjergarden, til dei andre øyane, innover til Florø og til Askvoll lengst i sør.  Er det lite vind tek vi matpausa at ved varden.

Turen opp på Blåkollen 

Turen rundt Båsundet

Vi går same stien nedatt til skiltet til Båsundet. Der tek vi til høgre og går langs sjøen ut i Båsundet.

Derifrå går vi på vegen forbi Æsøya og innatt på kaia.

Trimpoeng post på Blåkollen som gir 9 poeng   SjekkUT punkt på Blåkollen og Skorpevatnet 

Start frå kaia på Skorpa kl 16 20  Oppmøte på startplass på grunn av smitteverninstruks og transport

Turdeltakerne ordner sjøl med transport til Skorpa.   Båten går Florø kl 16 00 og retur frå Skorpa kl 20 55 i Florø ca kl 21 45 

Påmelding til turleiar Signe Nordvik -  415 30 520 innan tysdag kl 22 00 og 20 turdeltakere 

Påmelding: Send sms til ein av turleiarane gjerne kvelden før med navnet ditt og mobilnummer.  Dette er på grunn av krav til sporbarhet ved eit eventuelt smitteutbrudd.

Turleiarar har raude turleiarvestar 

Turavgift:  Gratis for medlemmer   Ikkje medlemmer kr 100  Betal med Vipps til  554905 - Flora Turlag

Ta med ryggsekk med litt mat og ekstra drikke

Det er ikkje tillatt å ha med hund på fellesturen

For at denne turen skal være trygg for deg og våre turledere har vi praktiske tilretteleggingstiltak. Vi må begrense antall deltakarar og krev påmelding for å kunne  delta. Vi føl DNT sin smittevernsinstruks for gjennomføring av aktivitet -  DNTs smittevernplan for 29 04 21.   Alle deltakarane har sjøl ansvar for å halde god nok avstand til andre turdeltakarar. Er du ikkje i form, har forkjølelsessymptomer eller er i karantene kan du ikkje delta. Gi oss beskjed slik at dei på venteliste kan få tilbud om plass. Takk for hjelpen.

Vilkår Generelle vilkår for turdeltakelse i DNT

Velkommen på tur 

Skorpa

Blåkollen på Skorpa er turmålet på onsdag.  Vi startar på kaia i Skorpevågen og går på veg/merka sti til skiltet til Båsundet. Vi forsett så oppover på stien til Blåkollen som ...

Kontaktinformasjon:

  • Signe Nordvik
  • Tlf. 415 30 520