Tjofjell i Norddalsfjord - Flott utsiktsplass
Tjofjell rundt. Turen til Tjofjell tek ca 1,5 time. Der vert det ei god pause der vi nyte medbrakt kveldsmat og nydeleg utsikt. Nedatt går vi nordvestover frå toppen, så rett vest og rett sørover til vi kjem ned til vegen og følgjer den tilbake til gravplassen. Tilbaketuren tek ca 1 time.
Turen på ut.no turen ut til Tjofjellet
Informasjon om deltaking på turar og arrangement i DNT i 2020 På grunn av koronasituasjonen for tida gjeld særlege reglar for kva omsyn ein må ta og kva den einskilde må ta med seg på tur. Oppmodar om at alle må sette seg inn i dette før turen.
Turleiar er Toralf Otnes 958 75 035 - påmelding innan mandag kl 20 00 og med som turleiar Karen Nilsen
Det er krav til påmelding for alle turar og aktivitetar. Påmeldinga må utføres i forkant av turen, og ikkje ved oppmøte. Dette pga. behovet for sporbarhet av smitte og for å ha kontroll på gruppestørrelsen.
Påmelding til turleiar om du vil bli med på turen - husk å meld deg på, det er begrensa antall plasser på turen 20 stk og minimum 5 personar
Turledere har røde turledervester
Oppmøte ved Eurospar på Krokane og felles avreise kl. 16.30 - 3 personar i kvar bil
Turen starter frå gravplassen i Norddalsfjord
Turlaget vil oppmode alle som er passasjer i privatbil på turane om å betale for transport: kr. 30 under 20 km og kr. 40 over 20 km, til sjåføren for drivstoff
Generelle vilkår for turdeltakelse i DNT
Velkommen på tysdagtur
Tjofjell Foto: Signe Nordvik