Askrova -flytta til torsdag

Fellestur

Dato
6. august kl. 15:45
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Onsdagstur
Arrangør
Flora Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Flytta til torsdag

Tur på øya Askrova - også omtala som "den grøne smaragd"

Ny tur på Askrova og går på den søre delen. Det er ein fin tur i variert terreng på sti og skogsveg med sjø, svaberg, rullesteinstrand, skog, mark og fjell. Vi går frå kaia - Holmesundet - Devika - Fagerdalen- Vallestadvågen - Veten - Sunde og tilbake til kaia.  Rundturen tek ca 3 timar.  Får vi tid vert det ein runde på Tansøya.  Dersom det har regna nyleg kan det vere lurt å gå i gortexsko.

Kjentmann Jan Arne Holm

Kroa/butikken vert open medan vi ventar på båten.

Informasjon om deltaking på turar og arrangement i DNT i 2020  På grunn av koronasituasjonen for tida gjeld særlege reglar for kva omsyn ein må ta og kva den einskilde må ta med seg på tur. Oppmodar om at alle må sette seg inn i dette før turen.

Det er krav til påmelding for alle turar og aktivitetar. Påmeldinga må utføres i forkant av turen, og ikkje ved oppmøte. Dette pga. behovet for sporbarhet av smitte og for å ha kontroll på gruppestørrelsen

Påmelding til turleiar Signe Nordvik - 415 30 520  innan tysdag kl 22 00.  
Medturleiar Venke Noven Ravnestad

Oppmøte på Fugleskjærskaia kl. 15.45.
Retur til Florø kl 20.30. Vi er tilbake i Florø ca kl 21.30.

Vaksne kr. 200 og honnør/barn kr. 120  Betal med Vipps. 

Turleiar har raud turleiarvest på.

Ta med niste og drikke i tursekken.

Generelle vilkår for turdeltakelse i DNT

Velkommen på onsdagstur.

Askrova -flytta til torsdag

Flytta til torsdag Tur på øya Askrova - også omtala som "den grøne smaragd" Ny tur på Askrova og går på den søre delen. Det er ein fin tur i variert terreng ...

Kontaktinformasjon:

  • Signe Nordvik  
  • Tlf. 415 30 520