Kom Deg Ut dagen i Instedalen i Naustdal

Arrangement

Dato
2. februar 2020 kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom
Arrangører
Flora Turlag, Barnas Turlag Flora
Turområde
Fjordane (se kart)

KOM DEG UT - SKIDAG med skileik og anna moro i snøen i Instedalen i Naustdal.

Oppmøte tid og sted: kl. 11.00 ved Skianlegget i Instedalen i Naustdal. 

Barnas Turlag Flora og Naustdal inviterer saman med Frivilligsentralane til vinteraktivitetar og moro denne søndagen frå kl. 11:00 og utover. 

Vi markerar den nasjonale ”Kom deg ut” dagen til Den Norske Turistforening med familiedag. I trivelege omgjevnader vil barn i alle aldrar få mogelegheit til å bli med på ulike aktivitetar både med og uten ski på beina !

Vi legg til rette for skileik med kulekjøring, orgeltramp, hopp og anna moro.
Det blir Tur-Tipp med flotte premiar.

Flora frivilligsentral set opp gratis buss:
Ta kontakt med Siri L Stavang, frivilligkoordinator / 458 77 783 /siri.stavang@flora.kommune.no.
Oppmøte kl. 0930 på Florø Rutebilstasjon (ev. møt på Eurospar Krokane kl. 0945). Bussturen tar omlag 1t 15 min. Retur frå Instedalen ca. kl. 14.30.
Bussen tar 44 personar og ved stor pågang blir det loddtrekning om plassane.
PÅMELDING (innan onsdag 30.januar)


HUGS Å TA MED:
Mat og varm drikke. Det vert tent opp bål så det vert høve til å grille mat på bålet.
Ski og/eller akebrett, sitteunderlag, varme klede, vottar, lue og varme sko

Vi byr på ein smak av betasuppe, pølser, nysteikte lappar og bålkaffi. Ta gjerne med eigen grillmat.

Ingen deltakaravgift, alle er velkomne til å delta ! 

Vi må ta eit lite atterhald om veret - følg med på heimesida: flora.dnt.no og på Facebook framover mot helga. 

For spørsmål ta gjerne kontakt med:
Sissel Strømmen 901 80 067 eller Laila Anita Schønhardt 416 89 820



Instedalen: Det tek omlag 1 time å køyre frå Florø til Instedalen.
Følg Rv 5 mot Førde.
Ta av til venstre rett etter de kjem ut av Naustdalstunnelen. Skilta til Nyheim.
Følg hovedvegen til du kjem til eit y-kryss. Ta av til høgre mot Nes.
Køyr eit stykke. Ta av til høgre over brua.
Følg vegen i omlag 11 km til du kjem til skilt mot Instedalen. Ta av til høgre.

Skianlegget ligg rett ved parkeringsplassen. Det er flott tilrettelagt med ei kort barnevennleg skiløype og ei lang med litt meir utfordringar. Der er kuleløyper, hoppbakker og akebakker. I grillhytta, fyres det opp i grua slik at du kan grille. Der er toalett og varmestue.

Har du ikkje ski eller nødvendig utstyr sjølv?  Flora kommunen sitt tilbod om utlån av ski- og skiutstyr (kr. 200 i depositum).  Florahallen har utlån av ski- og skiutstyr, samt snowbord. Lån av utstyr skjer i opningstida, og må avtalast på vakttelefon 951 17 318.  Opningstid måndag - torsdag kl 18 00 til 20 00 og fredag kl 17 00 til 19 00.

Vi minner om at på alle Barnas Turlag sine turar har foreldre/omsorgspersonar ansvaret for sine eigne barn.

Generelle vilkår for turdeltakelse i DNT

Velkommen på tur!

Kom Deg Ut dagen i Instedalen i Naustdal

KOM DEG UT - SKIDAG med skileik og anna moro i snøen i Instedalen i Naustdal. Oppmøte tid og sted: kl. 11.00 ved Skianlegget i Instedalen i Naustdal.  Barnas Turlag Flora ...

Kontaktinformasjon:

  • Sissel Strømmen Laila Anita Schønhardt 
  • Tlf. 901 80 067 416 89 820