Utsatt på grunn av korona viruset Støylsvandring i Eikefjord

Fellestur

Dato
26. april kl. 09:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Helgeturar
Arrangører
Flora Turlag, Barnas Turlag Flora
Turområde
Fjordane (se kart)

Utsatt på grunn av korona viruset  Flora Turlag, Barnas Turlag Flora og Eikefjord Idrettslag invitera til støylsvandring.

Ta med familie, vener eller kom aleine og bli med oss på støylsvandring i Eikefjord frå aust mot vest til: Knappstadstøylane, Ytrestøylen og Indrestøylen - Eikefjordstøylen - Hovlandsstølane - Kvalvikstølane. Fem støylar - 17 km

Klokka 9.30 startar vi vandringa frå parkeringsplassen/rasteplassen ved RV 5 i Eikefjord.

Dei som vil kan bli med på heile turen eller møte opp på støylane på tidspunkt som vi er der. Dette passer for folk flest. Du kan gå langt eller berre komme opp til ein av støylane.

Husk å ta med mat og drikke for heile dagen. Gjerne litt ekstra klær i tursekken.

Du kan gå i eige tempo eller bli med på fellesturen.
Stitraseane finn du på ut.no. .

Barnas Turlag går opp til Eikefjordstøylen - felles avgang kl 11 00 frå parkeringsplassen/rasteplassen ved RV 5 i Eikefjord.

Ansvarleg Barnas Turlag: Linn Therese Svarthumle 975 31 281

Vi minner om at på alle Barnas Turlag sine turar har foreldre/omsorgspersonar ansvaret for sine egine barn.

Eikefjord Idrettslag vil sette opp grill ved Eikefjordstøylen.
Grillane blir varme frå klokka 12.30.  Det blir sikkert også fortalt nokre gode «stubbar» frå støylslivet. Ta gjerne med grillmat.  

Kontaktinformasjon Eikefjord Idrettslag: Per Øyvind Sørbø  480 24 999
Kontaktinformasjon Flora Turlag: Astrid Breiland Eliassen  415 49 299 og
Arnfrid Bergheim  481 23 163

Tider vi kjem til støylane (omlag):
11.00 Ytre Knappstadstøylen
12.00 Indrestøylen
13.30 Eikefjordstøylen
14.30 Hovlandsstølane
15.40 Kvalvikstølane
17.00 parkeringsplassen/rasteplassen 

Det vert kjentfolk med på turen som vil fortelje litt om området vi går i og på nokre av støylane.  Kjentfolka kan fortelje historier som er knytt til namna som finst i område som for eksempel Perleporten, Betnene mm.  Det er mange skilt med lokale namn som kunne vore kjekt å få vite historia bak, kva dei kom frå/av.

Turleiar har raud turleiarvest.

Turlaget vil oppmode alle som er passasjer i privatbil på turane om å betale for transport: kr. 30 under 20 km og kr. 40 over 20 km, til sjåføren for drivstoff.

Generelle vilkår for turdeltakelse i DNT

Velkommen på tur

Utsatt på grunn av korona viruset Støylsvandring i Eikefjord

Utsatt på grunn av korona viruset  Flora Turlag, Barnas Turlag Flora og Eikefjord Idrettslag invitera til støylsvandring. Ta med familie, vener eller kom aleine og bli med oss på støylsvandring i Eikefjord ...

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Breiland Eliassen
  • Tlf. 415 49 299