Turen er avlyst fordi det er mykje vatten i bekker og elver - vi kjem ikkje over
Turen til Dyrelifjellet 667 moh i Grytadalen er bytta til Gjelefjellet 214 moh i Norddalsfjord pga vegarbeidet som pågår på vegtrekninga Haukåtunnelen til Magnhildskardtunnelen.
Oppmøte Eurospar på Krokane kl 17.00 for felleskjøring.
Turen startar ved den nedlagde butikken og rett etter brua innerst i Norddalsfjord. På venstre side av Fv 544 er det skilta til Svanevatnet. Dersom det er ønske om det kan vi gå oppom Turtrimmposten ved Svanevatnet på veg til eller frå Gjelefjellet.
Svanevatnet er turtrimmpost i Turtrimmen 2019.
Turansvarleg Astrid Breiland Eliassen
Ta med mat og drikke i tursekken.
Turlaget vil oppmode alle som er passasjer i privatbil på turane om å betale for transport: kr. 30 under 20 km og kr. 40 over 20 km, til sjåføren for drivstoff.
Deltaking på alle turlagets turar skjer på eige ansvar.
Turledere har røde turledervester.
Velkommen på onsdagstur.