Sykkeltur frå Villevika til Diktarstien

Fellestur

Dato
30. juli kl. 15:45
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Sykkeltur, Onsdagstur
Arrangør
Flora Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Sykkeltur frå Villevika til Diktarstien i Botnane

Denne gongen vert det både sykkel og gåtur for dei som vil det.

Vi syklar fyrst til Breivik, 2 km frå Villevika og går Nordsjøløypa opp til « Radiostasjonen Roska», ca 130 moh.  På denne staden låg radiostasjonen under 2. verdskrig. Vi brukar ca 1/2 time opp og det same nedatt. Vi syklar så vidare til gravplassen i Botnane, ca 30 minutt frå Breivik der vi startar på Diktarstien. Vi går, syklar og les dikta til Jan Magnus Bruheim.  

Dei som ikkje vil gå turen til Roska kan sykle vidare mot Botnane og gjere eit stopp på Jacqueline sin julebutikk og få servert vaflar i hagen.

Etterpå syklar vi tilbake rutebåtkaia.

Båtturen tek 10 minutt.

Båt frå Fugleskjærskaia i Florø kl 16.00. Møt opp kl. 15.45 for betaling til turleiar og billett.
Vi er tilbake i Florø ca kl 21.30.

Pris for denne turen med sykkel er vaksne kr 230 og honnør/barn kr 130. 

Påmelding innan mandag kl. 22.00 til turansvarleg
Marit Espeseth
  954 86 558

Her kan du lese om Diktarstien i Botnane som vart opna 18. august 2018: https://www.botnane.no/diktarstien/

Turleiar har raud turleiarvest på.

Ta med niste og drikke.

Les om denne fine sykkelturen i turboka vår. 

Deltaking på alle turlagets turar skjer på eige ansvar.

Velkommen på tirsdagstur.

Sykkeltur frå Villevika til Diktarstien

Sykkeltur frå Villevika til Diktarstien i Botnane Denne gongen vert det både sykkel og gåtur for dei som vil det. Vi syklar fyrst til Breivik, 2 km frå Villevika og ...

Kontaktinformasjon:

  • Marit Espeseth  
  • Tlf. 954 86 558