Opptur for 8. klassingane - ein nasjonal turdag der 8. klassingar over heile landet blir invitert til ein dag med friluftsliv, fysisk aktivitet og naturopplevingar.
Turen startar frå Flora Ungdomsskule kl 09 00
Vi går til toppen av Brandsøyåsen langs Litlevatnet og Storevatnet til Havhesten. Frå Havhesten går turen til Torvmyrane skule, via Nybømarka og Fagerdalen. Frå Torvmyrane skule følgjer du stien opp til toppen av Brandsøyåsen. På DNT sin turportal UT.no finn du Oppturløypa med turbeskriving og spor på kart: https://ut.no/turforslag/113459/brandsyasen-opptur-lypa
Austre enden av Storevatnet er det aktivitetar med elevar frå Flora Vidaregåande
Fruktservering ved Torvmyrane skule
På toppen av Brandsøyåsen blir det registrering og utdeling av Olden vatn og ulike gåver og premiering
.